Symre | Barnesalve/Universalkrem | Naturell | 30ml

199,00 kr

vippsklarnamastervisa
Tilgjengelighet: På lager Translation missing: nb.products.product.pre_order_status Utsolgt

Produsentens beskrivelse: Symre naturell er ei universalsalve for heile kroppen. Den er mjukgjerande, næringsrik og inneheld berre tre ingrediensar – talg, tistelolje og bivoks. Dette gjer den særs god for dei som slit med allergiar, eksem og sensitiv hud. Salva har ein mild og naturleg aroma. Symre naturell er også ei perfekt barnesalve, trygg og god.

👶 Smør den på bleieutslett

💚 Bruk den som ein ekstra næringsrik ansiktskrem og kroppskrem ved tørr hud

🌸 Me har fått mange gode tilbakemeldingar på at denne er ekstra god ved eksem og andre hudproblem

Talg har særs lik feittsyreprofil som huda vår. Den inneheld dei feittløyselege vitaminane A, D, K og E. Kort sagt inneheld talg alt det gode huda vår treng! Kaldpressa tistelolje er godt egna til alle hudtypar, men også veldig god til urein hud. Tistelolja inneheld mykje av omega 6-feittsyra linolsyre, som bidreg til å halde huda smidig og sunn, og hindrar fukttap. Linolsyre kan også ha anti-inflammatoriske og antibakterielle eigenskaper. Bivoks bevarer fuktigheit i huda og beskytter. 

Kremen er særs dryg i bruk – ein treng berre litt om gongen.

INNHALD INCI: Carthamus Tinctorius, Tallow, Cera Alba

INNHALD PÅ NORSK: Økologisk kaldpressa tistelolje, økologisk talg frå eigen gard og frå utvalde gardar i lokalmiljøet vårt, bivoks.

HALDBARHEIT: Minimum 6 mnd etter at krukka er opna, men som regel held kremane seg veldig mykje lenger! Oppbevar i romtemperatur, ikkje i direkte sollys. 

 Salva er sertifisert og har sikkerheitsrapport.

Meir om igrediensane
Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.

Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.

Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie

Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.

Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket. Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette. Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.

Korleis bruke kremen
Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong. Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.

Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.